Book nå
+47 35520030
Book nå

Historien om Dag Bondeheim

  • gml fasadade skistredet

Dag Bondeheim har vore ein samlingsstad for folk frå bygd og by gjennom snart 100 år.  I sogeskrivet etter 40 år står det at det var Jon Garborg, bror til Arne Garborg, som kom med framlegget til namn. Han var med å skipa Mållaget Dag. Dei som skreiv soga, var usikre på kva han hadde i tankane, men dei meinte det kunne ha to tydningar. Det eine kunne vera at det kom ei kulturvakning og en kulturmorgon over landet i samband med målreisinga. Ho er solrenninga som ber bod om at ein ny dag er i kjømda. Det kunne også vera ei oppkalling av Dag Eilivsson.  Lendmann Dag Eilivsson og hans familie var ein av de mektigaste i Noreg på slutten av 1000- talet og til omtrent 1160. Dei kontrollerte store delar av Grenland og residerte på storgarden Bratsberg. 
Dag Eilivsson, ein lokal høvding og kongens mann, grunnla og eit nonnekloster på det som er kjend som Klosterøya i dag. Mållaget Dag i Skien tok navnet vidare og deretter kalte dei hotellet for Dag Bondeheim.

  • historie-1_size-medium

Historia om Dag Bondeheim

Det var Mållaget Dag som kjøpte Bragegaarden, huset du no er i. Det starta opp med drift av ei kaffistove i 1916 og seinare eit hotell fra 1927.
Dei fyrste åra var det 8 sengeplasser. Sidan 1927 har Dag Bondeheim vore gjennom fleire endringar og ei større utbygging i 1986.
I dag har hotellet 40 rom med 75 senger. Utover dette har hotellet gode kurs- og møtelokalar for opp til 100 personar og kan halde selskap skreddersydd etter dykkar ulike ynskje.

  • gml fasade hjørnet kveld

Hotell Dag Bondeheim har gjennom alle år hatt sterke band til arbeidet for norsk språk og kultur. På 1930-talet ble Dag marknadsførd som den einaste verksemda i Skien der overskotet gjekk til å fremja nynorsk. Ulike delar av hotellet er pryda med bilete måla av Knut Hovden fra Høydalsmo. Dei er laga etter motiv frå folkevisa om Bendik og Årolilja. Bileta er ramma inn av dei vakre og karakterisitiske Telemarksrosene. Fram til 1996 dreiv Mållaget Dag hotellet. Så blei det drive vidare som eit luteigarlag, Dag Bondeheim AS.
Hotell Dag Bondeheim er frå 2014 eigd 100 % av Bøndenes Hus AS.

Lukk